Anonymous, 46 – Norway

Som vaksen, og mor til ei jente i målgruppa, tenkt eg først eg skulle la “Skam vere i fred”. Men så begynte avisene eg les å drøfte Skam, om det Noora hadde opplevd var kriminelt eller ikkje, og dotter mi ville helst eg såg på, så me kunne prate om det.

Sesong 1 og 2 såg eg derfor litt for å vere greit, og litt fordi det var interessant.
Eg var imponert over Andem, og skuespelarane. Men det var framleis dotter mi si verd, ikkje mi.

Så kom sesong 3.
Eg har aldri vore så oppslukt av ein serie i heile mitt liv.
Eg sat på jobb og refresha Skam i alle pausar, sneik meg vekk for å lese chat eller sjå klipp om dei kom når eg var saman med folk.

Det var besettande tv, men kvifor?
Fordi det var så bra.
Skuespelet, kor samansette karakterande var, korleis plottet både var heilt nedpå og heilt episk på same tid.

Men også fordi det gjorde noko med meg.
Eg sverger: Sesong 3 gjorde meg til eit mildare og snillare menneske.

Sesong 4 har vore vond, fordi det er eit tilbakeblikk til dei mørke sidene ved ungdomstida. Men også fin, fordi kjærleiken ikkje så mykje har handla om begjær – og det ser eg ikkje minst at dotter mi har likt.

No er det slutt.
Og Skam klarte å få på beina ein fandom eg knapy har sett maken til.
Eg kjem til å sakne ALT.

Men sidan alt er LOVE, og me skal leve ekte, menneske treng menneske og DET EG SER er ein ungdom det er håp for, så skal det gå bra.

Takk gudinne Julie, og alle dine awesome medarbeidere og skuespelarar.

💚💚💚